page view image

Vinyl med noko attåt - Det året eg fylte 15

Information
event image

Ola Tarjei og Vegard dukkar på nytt ned i platesamlingane og dreg fram forskjellig som kan presenterast til folket.

At tenåra er formative når det kjem til musikksmak er ikkje tvil om. Både når det kjem til musikken ein verkeleg likar, men og med tanke på alle dei nostalgiske låtane som vekker til live alle slags minne frå ungdomsåra. Hitane frå ungdomsklubben, bakgrunnsmusikken frå sommarjobben og musikkvideoane ein såg i kjellarstova i dei tider MTV fortsatt handla om musikk har alle sin plass i hjartet til seinare.

Året ein fyller femten, året ein blir konfirmert, er året ein blir "vaksen", og då må det jo være kjempeviktig. Og sidan karane ikkje er like gamle, so får de godlåtar frå både 1991 og 1996 denne kvelden. Hugsar du kva som kom ut dei åra? Var det gode musikkår? Ta gjerne turen for å friske opp hukommelsen lag med oss.

Cc 50,-